
Onsdag 08. februar kunne ein observere dette på Facebook
Årets Tour de Sweco kunne avsløre alt frå dårlig form, til kven som har brukt hausten på å smugtrene i Estenstads djupe skogar. Men i kjølvatnet av touren kom det også andre avsløringar… På onsdags kveld kunne det på facebook nemleg observerast at NTNUI Langrenn’s stolte nestledar gjennom heile to år, Olav Vestøl, nettopp hadde trykt «liker» på langrennsgruppa si side på facebook.
Kva synast langrennsfolket? Er dette respektabel oppførsel av Vegårshei-ekspressen? Eller har han kanskje først no oppdaga «liker»-funksjonen? Bør det bli sanksjonar, til dømes i form av refusjonsnekt? Eller har ein rett og slett blitt for hårsår i dagens sosiale media-samfunn?