Sommaren vert i år som dei 8 siste åra tilbrakt som hyttevakt på DNT hytta Fuglesteg. Ein jobb som stort sett består av å lage og selge kaffi og hellekaker (kan ligne litt på små pannekaker), snakke med gjester og å få tida til å gå. Får å få til det siste har eg innført ein rekke tiltak. Eg har satt opp slakk line, flydd drone, kjøpt kryssordblad, osv. Med arbeidstid frå 11-17 har eg god tid til å trene både før og etter jobb. Men stort sett benytter eg heller sjansen til å sove litt for lenge. På ettermiddagane er eg litt flinkare til å komme meg ut og ned i bygda eller opp på fjellet. Turane kan innimellom bli litt for lange og bratte, men med utsikta som venter på toppane gjer ikkje det noko.
Anbefaler alle frå NTNUI å ta turen hit! Kan skimte med medlemsrabatt på både overnatting og mat for alle i klubben 😉