Buss og overnatting Vasaloppet 2019

Hu og hei!

NTNUI Langrenn har sjølvsagt også i år buss til Vasaloppet! Turen er open for både medlemmar og ikkje-medlemmar. (Kryss ja på refusjon dersom du er medlem, og nei dersom du ikkje er medlem.)

Kort om programmet:

Avreise lørdags morgon, 2. mars. Vi køyrer buss til Sälen, der vi hentar startnummer. Overnatting på Carlsborgs Wärdshus i Rörbäcksnäs, som ligg ca. 35 km frå start. Vi har ca 30 34 soveplassar tilgjengeleg.Tidleg søndags morgon går bussen til start i Sälen.

Retur med buss til Trondheim etter at alle er komne i mål.

Pris vil ligge på ca kr 1100 for refusjonsbetinget og ca kr 1800 for ikkje-refusjonsbetinget.

Håpar mange vert med og at vi får farga feltet grønt, gult og svart!  🙂

Påmelding er bindande etter utgått frist!

Meir detaljert opplegg vil kome etterkvart som det nærmar seg. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurer på noko!

 

NB: Ved mange påmeldte og plassmangel gis medlemmer prioritet foran ikke-medlemmer. NB2: Ved for få påmeldte forbeholder vi oss retten til å avlyse turen (dog, lite sannsynlig).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *