Tidlig ein onsdag midt i januar sto ein heil gjeng grønne NTNUI-arar på Værnes, klare for å bytte ut trøndersnøen og fiskebeining i Estenstad med trikkeskinner og sol i alpane. Årets destinasjon var Sveits og La Diagonela.
Etter fjorårets utanlandstur, var kanskje den største spenninga knytt til avreisedagen. Ville alle (les: Thorbjørnsen) sine bein og knoklar vere i behold ved avreise? Ville alle (les: Kaiser) huske å sette på alarm? Ville alle (les: Vegard Antonsen) komme seg gjennom spesialbagasje-skranken? Heldigvis var alle våre (les: Gudmund sine…) bekymringar heilt ubegrunna. Det vi faktisk skulle ha vore bekymra over, var det klassiske trøndervêret. Flyet frå Værnes vart forsinka, og det var så vidt gjengen rakk transfer i Oslo. Enkelte hadde truleg allereie banketten i tankane, og fortvilinga over manglande tid til taxfree var til å ta og føle på. Heldigvis var spriten i utlandet billig den óg.
Vel framme i München, og opptelling av reisefølget. Mottoet var enkelt: ”så lenge Kaiser er med, er alle med”. Dette var eit motto som viste seg å stemme litt for godt. Vår alles kjære Erlend (Bippe) Sverdrup hadde stått på venteliste på utanlandsturen, og sto framleis på venteliste ved avreisedagen. Kva Bippe hadde tenkt, eller om han hadde tenkt i det heile, er endå uvisst. Like vissst er det at han sto på flyplassen i München, klar for å bli med resten av gjengen på utanlandstur. Då var det berre å hente ut leigebilane, satse på at det var plass til alle, og kjøre til leiligheitene.
Nokre timar seinare ankom gjengen Scuol, der vi skulle bu under heile oppholdet. Kanskje var det banketten som også hadde stått i tankane til Didrik og Olav ved bestilling av oppholdet, for det var etterkvart brei enigheit om at Scuol definitivt skulle uttalast som ”Schkål”. Leiligheitene var i alle fall store og varme, og vi hadde fått eiga smørebod. Altså var egentlig alt heilt perfekt.
Torsdag, og turen kunne framleis karakteriserast som heilt perfekt. Scuol leverte tjue minusgrader og knallsol. Etter fem minutts køyring frå hotellet, kunne vi boltre oss i ei 15-kilometers løype med nypreparerte trikkeskinner. Her fikk ein testa både ski, form og fotograferingsevne.
Etter formiddagsøkta var det på tide med sightseeing. Ole Hulbak, som mellom anna har uttalt at ”Nei Trondheim altså.. det er så altfor langt vekke frå Hemsedal, det”, var brått blitt eventyrlysten, og føreslo å reise til Livigno. Så då gjorde vi det. Livigno er som kjend staden med apoteket der Johaug sin trofodermin-krem vart kjøpt, og dette vart naturleg nok kveldens store attraksjon. Vi fekk også pressa inn ein skikkeleg italiensk pizza-/pastamiddag.
Også fredag kunne by på strøkne skiforhold. Vi køyrde til området ved Samedan, for å sjekke ut løypene som vi skulle gå i dagen etterpå. Etter tips frå Vestbyen-gutta var spesielt ”monsterbakken” ved Pontresina viktig å få testa. Etter maks 150 hm fordelt på 3 km var ikkje vestlendingane i reisefølget spesielt imponerte akkurat. Likevel fint å få testa ut løypene før rennet, og (for dei ivrigaste) å få avklara om ein skulle stake eller ha feste.
Etterpå reiste vi til startområdet for å hente ut nummer. I dagane før rennet hadde det innad i gjengen gått rykter om at ein kunne få seeda seg opp til elitepulja, om ein berre var så freidig og spurte om det. Det var derfor ein lang kø med NTNUI-ara som sto utanfor sekreteriatet i lønsjtider denne fredagen. Resten av dagen gjekk med til å slappe av, førebu seg mentalt og innta store mengder pasta.
Så var vi komne til renndagen. Nok ein skidag for historiebøkene, med knallforhold. Enkelte syns kanskje at tjue minus var litt i kaldaste laget, medan andre visste å sette pris på kuldegradene. Etter målgang kunne Terje Sørensen uttale at det var ”første treningsøkt på et år der æ ikke har trengt å vræng svetten ut av lua mi”. Underteikna vil ikkje uttale seg om svettenivået til resten av NTNUI-arane, men det er i alle fall sikkert at det vart jobba knallhardt under rennet. Både Olav og Britt Ingunn markerte seg i elitepulja, og gjekk inn som beste NTNUI-arar til hhv. 53. og 11. plass totalt. Det er også verdt å merke seg at Marius, Didrik, Ole, Anna og Amanda klokka inn på sterke tider. Ellers må ein stolt NTNUI-sjel nevne at det er flott å sjå at det grønne toget klarar å markere seg såpass (uavhengig av posisjon i feltet) i eit stort skirenn som La Diagonela. Det var nok ikkje mange tilskodarar, løparar eller fotografar som ikkje hadde lagt merke til den gule og grønne kondomdrakta i løpet av dagen. Underteikna trur likevel at dagens største syrefest må tilskrivast Gudmund, som fotograferte alt som kunne gå (og i enkelte tilfelle nærast krype) av grønkledde under rennet. Stor kudos!
På kvelden var det duka for nok eit høgdepunkt: banketten. For underteikna var det nettopp dette som var den største motivasjonen for å kome seg opp den avsluttande bakken under rennet. Med kubjellene frå målområdet rundt halsen, og Anton aus Tirol på anlegget, var stemninga på vors i taket. Etter eit sterkt bidrag frå Astrid, vart den lokale hotellbaren like ved sida av leiligheitene opna opp, og turfølget kunne ta festen vidare dit og ut i dei seine nattetimar.
For dei ikkje-sengeliggjande, vart dagen derpå nytta på skitur i Seefeld, på 3000 meters høgde eller i Cologna-loipe. Nok ein suksessfull dag, før turen gjekk tilbake til München og heimreise.
Underteikna vil med dette takke tur-komitéen og reisefølget for ein fantastisk tur, og oppmode om å bli med på tur igjen neste år. Tur med NTNUI er den beste turen.
Damer
# | St.nr | Navn | Sluttid | Etter |
---|---|---|---|---|
1 | 35 | Katerina Smutna | 2:20:49 | |
2 | 25 | Britt Ingunn Nydal | 2:47:24 | +26:35 |
3 | 26 | Anna Jensen | 2:52:49 | +32:00 |
4 | 28 | Amanda Borge Byrkjeland | 2:58:35 | +37:46 |
5 | 29 | Elise Tveita | 2:59:56 | +39:07 |
6 | 30 | Frida Øygard | 3:18:57 | +58:08 |
7 | 31 | Ingrid Bye Løken | 3:26:20 | +1:05:31 |
8 | 32 | Astrid Høst Sølna | 3:26:29 | +1:05:40 |
9 | 33 | Vilde Rieker | 3:29:04 | +1:08:15 |
Herrer
# | St.nr | Navn | Sluttid | Etter |
---|---|---|---|---|
1 | 1 | Ilya Chernousov | 2:03:39 | |
2 | 2 | Olav Vestøl | 2:21:04 | +17:25 |
3 | 8 | Øyvind Waage Hanssen-Bauer | 2:21:57 | +18:18 |
4 | 3 | Marius Borge Heir | 2:23:51 | +20:12 |
5 | 4 | Didrik Graham Henriksen | 2:24:33 | +20:54 |
6 | 5 | Ole Hulbak | 2:25:05 | +21:26 |
7 | 6 | Andreas Faanes | 2:26:21 | +22:42 |
8 | 7 | Andreas Døble | 2:30:57 | +27:18 |
9 | 9 | Anders Gullhav | 2:32:16 | +28:37 |
10 | 24 | Erlend Sverdrup | 2:34:35 | +30:56 |
11 | 10 | Sven-Erik Markhus Kaiser | 2:35:14 | +31:35 |
12 | 34 | Johan Landrø | 2:35:48 | +32:09 |
13 | 11 | Espen Storslett | 2:36:09 | +32:30 |
14 | 12 | Erik Moen | 2:36:19 | +32:40 |
15 | 13 | Vegard Joten Andersen | 2:37:10 | +33:31 |
16 | 14 | Eirik Thorbjørnsen | 2:37:30 | +33:51 |
17 | 15 | Jørund Vala | 2:37:38 | +33:59 |
18 | 16 | Jostein Gjevre | 2:42:54 | +39:15 |
19 | 17 | Sven Ole Mollestad Nicolaysen | 2:46:56 | +43:17 |
20 | 18 | Sindre Grøstad | 2:49:54 | +46:15 |
21 | 19 | Nikolai Øwre Ryvoll | 2:51:24 | +47:45 |
22 | 20 | Sebastian Torgersen | 2:55:57 | +52:18 |
23 | 21 | August Németh Winther | 2:56:34 | +52:55 |
24 | 22 | Mads Henrik Antonsen | 2:57:08 | +53:29 |
25 | 23 | Terje Magnus Bakken Sørensen | 3:11:54 | +1:08:15 |
Kanonbra oppsummering av den beste turen<3